| |
Fjellaren ser ikkje berre natur frå altanen
|
|
|

|
| |
Ein sommardag landa luftambulansen nedanfor altanen til Fjellaren. Alt gjekk vel, og Fjellaren vart denne dagen medlem i Norsk Luftambulanse.
|
| |
 |
| |
Ein dag vart det sett av ein einsleg vegvals nedanfor altanen (bak til høgre). Tildleg neste morgon dundra "heile" Kolo Veidekke inn på tunet.
|
| |
 |
| |
Ein litt annleis morgon på altanen for Fjellaren. (Eg følgde nøye med, men såg ingen representantar frå NCC denne morgonen)
|
| |
 |
| |
Når ein bur slik ute der ein trudde var ein fredleg avkrok, blir ein litt overraska når sjølvaste Google tek ein piruett nedanfor altanen. Her kan du sjå Fjellaren på altanen.
|
| |
 |
| |
Ein haustdag i 2009 kom Nrk på vitjing. Dei ville lage eit program om fjellarane som les bøker. Ja, ja det er mykje rart dei sender på fjernsyn no til dags. Her kan de sjå programmet.
|
| |
 |
| |
Kvar dag siglar nordgåande og sørgåande hurtigrute forbi. 17.06.2011 klokka 0530 vart litt spesielt då NRK sende dirkete frå Hurtigruta. Sjå meir her.
|
| |
 |
| |
Ein sommardag i 2011 tok bilen til Fjellaren seg ein tur til Polljen på eiga hand.
|
| |
 |
| |
(28.07.2011) Fjellaren trudde at han no kunne skryte på seg at eit sirkus parkerte nedanfor altanen, men det var ein gatefest. Og for ein fest!!!
|
| |
 |
| |
(17.09.2011) Det siste i følgjetongen om kva Fjellaren opplever nedanfor altenen er eit heilt jaktlag som hadde ein fantastisk jaktdag på Fjellet den andre laurdagen i jakta. Pausene med sjokoladekake og kaffi var så kjekke at det vart ikkje så veldig mykje hjortejakt. Men ein kalv greidde no jaktlaget å felle denne jaktdagen. Fjellaren takkar for ein super dag!
|
| |
Sjå meir frå utsynet frå altanen her.
|