| |
Fjellaren testar bil til Bergen
|
|
|
Medan
Fjellaren ventar på godt slåttevêr prøvar han seg som ein ikkje heilt objektiv
bilmeldar:
|
| |

Volkswagen Caddy Maxi tek seg godt ut på Bryggen i Bergen. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
Fjellaren
har tidlegare meldt at han fekk litt vanskar med Passaten sin. Planen var å
køyre Passaten til Bergen, på ein kombinert dugnad- , handle- og ferietur.
Fredag 24. juni møtte Fjellaren opp med Berge & Co i Deknepollen for å
hente bilen, men det viste seg at det hadde dukka opp ein ny feil med bilen.
Utruleg trasig, vil sikkert nokre tenkje, men i dette tilfellet vart det ein
kjempesuksess. Det viste seg eg i staden skulle få nøklane til ein splitter ny
Volkswagen Caddy. Verkstadmeiseteren var svært lei seg for at Passaten ikkje var
ferdig, og ville gjere alt han kunne for å få meg til Bergen den dagen.
|
| |

Det var faktisk fleire som snudde seg etter bilen då vi cruisa gjennom Bergen by. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
Allereie
då eg sette meg inni i bilen, forstod eg at var veldig heldig. Bak meg kunne eg
observere eit lastevolum på heile 4,2 m3. Dette skulle seinare vise
seg å gjere turen noko dyrare enn eg hadde planlagt. Likevel må eg innrømme at eg kom noko lunde godt ut av turen, då einaste
utgifta eg hadde var diesel. Og med eit forbruk på 0,51 liter/mil på
landevegskøyring, vart ikkje denne utgiftsposten noko å klage på.
|
| |

Volkswagen Caddy Maxi romma ein heil veranda i lasterommet. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
Caddy
kan skilte med gode køyreeigenskapar, og det var ei flott oppleving å køyre bilen
Deknepollen-Bergen og tilbake. Varebilen med det passande namnet, Caddy Maxi,
var like god å køyre som ein personbil, men hadde i tillegg eit STORT lasterom.
Fjellaren fekk med seg bror sin for å verkeleg å teste ut lasterommet. Caddy
Maxi bestod alle testar med glans. Første test var å hente material til ein
veranda, for så å køyre bort den gamle verandaen. Caddy Maxi rommar altså ein
heil veranda i lasterommet! Sjølv om vi snakkar om ein veranda på 13 kvadrat,
er det likevel bra å kunne skilte med at ein får ein heil veranda i
lasterommet.
|
| |

Oversiktleg og praktisk førarmiljø. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
Sidan
Caddyen greidde desse utfordringane så bra, måtte vi setje han på ei verkeleg
prøve. Vi reiste til IKEA. Sjølv om lommeboka til Fjellaren i løpet av handleturen vart tom, var det
endå meir plass i Caddy Maxi. Dette er kanskje ikkje så god målestokk, sidan den
omtalte lommeboka ikkje var av det tjukkaste slaget då Fjellaren gjekk inn i
det populære varehuset. Caddy Maxi hadde vunne første runde, og då pakka vi
like så godt eit heilt flyttelass inn i Caddyen. Eit søskenbarn hadde eit
flyttelass som skulle til Nordfjord, og lasterommet i Caddyen hadde plass.
Sjølv med flyttelass, ein stor koffert og ei mengd IKEA-møblar, var det endå
meir plass.
|
| |

Fjellaren (t.v.) (med lånte solbriller!!!) fekk letatre panikk då han ikkje makta å fylle heile lasterommet. Bror til Fjelalren var heldig, og fekk prøve seg litt som sjåfør i storbyen. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
Fjellaren
ville ikkje gje opp denne testen, og då vart det henta pengar frå sparekontoen,
for å kjøpe endå meir fyllstoff til Caddyen. Men Caddyen vart aldri full, så
det må seiast at kombinasjonen med god køyrekomfort og stor lastekapasitet,
gjer at dette kan bli ein svært dyr bil å bruke på handletur. Konklusjonen blir
då: Om ein held seg unna IKEA, er dette
ein fantastisk bil!
|
| |

På veg heim fekk vi òg konstantert at bilen er vasstett. Her køyrer vi gjennom eit ras ved Oppedal. (Foto: Håvar Fagerli)
|
| |
|
| |
Fjellaren er ikkje i tvil over dommen:

|
| |
I
tillegg vil Fjellaren gje ein seksar til Berge & Co i Deknepollen for svært
god service!
For
dei som lurer, kan eg opplyse om Passaten er tilbake i toppform, og vart godt
teken hand om av Berge & Co i Deknepollen
|
|
Tilbake
|