(Foto: Håvar Fagerli)

Kven er Fjellaren?

Butikk

E-post

Fotograf Håvar Fagerli, 6715 Barmen. Org.nr: 987 921 757

 

Album frå Barmen

Butikk

Kven er Fjellaren?

Tur til Skjolden 06.06.2010

Frå altanen

Hjort og hjortejakt

 
 

Kven er Fjellaren?

 

 

Eg heiter Håvar Fagerli, fødd 1976, gift med Kariann, to born, opphavleg frå Gloppen, busett på øya Barmen i Selje kommune. Lærar, småbrukar og fotointeressert.

 

Kvifor heiter så sida fjellar.no? Det har seg slik at eg har flytta til ein stad der fjellarane bur. Slik eg har forstått det er det ikkje så gale å vere ein fjellar. Sidan eg òg likar meg godt i høgda, var det ikkje vanskeleg å finne namn på denne nettsida.

 

I tillegg til å skrive og syne biletet frå livet som ein fotograferande fjellar vil eg drive litt butikk på denne nettsida. Eg har vore frilansjournalist sidan 2003. Eg likar godt å skrive, men det er fotograferinga som har vore det aller kjekkaste i den jobben. I 2006/2007 hadde eg fast jobb som journalist i Fjordenes Tidende. Eg er utdanna lærar, og lengta tilbake til lærarjobben. I dag jobbar eg som lærar ved Flatraket skule, i tillegg får eg utfalde meg som fotograf og fjellvandrar med denne nettsida og enkeltpersonsføretaket mitt. Med det får eg både i pose og sekk:)

 

I samband med drifta av sida til Barmøy bygdelag og frilansjobbar har det blitt nokre tusen foto. Eg har difor opna opp for sal av nokre av desse fotoa. Dette kan de lese meir om på butikksida mi.

 

I tillegg til sal av foto kan eg ta på meg fotooppdrag, journalistoppdrag, produsere og drifte nettsider.

 

Eg har ikkje lagt til kommentarfelt på bileta mine Om nokon vil kome med tilbakemeldingar, anten på bilde eller nettsida, er de hjarteleg velkomne til å sende ein e-post.

 

Kontaktinformasjon:

Håvar Fagerli

Fjellet

6715 Barmen

Telefon: 57 85 62 72

Mobil: 942 79 790

E-post1: havar@fjellar.no

E-post2: fagerli@barmen.no

Organisasjonsnummer: 987 921 757