|
|
Eg var så heldig å få vere gjesteskribent i Buktabladet i julenummeret 2010. Dette er eit blad som kjem ut to gongar i året i bygda der eg vaks opp. For å sjå meir i frå Bukta kan de sjå på nettsida til Bukta.
Livet som liten sauebonde
Av Håvar Fagerli
Eg er veldig glad for at eg får æra av å vere
gjesteskribent. Buktabladet er for meg eit av høgdepunkta i ein kvar jule- og
påskeferie. Sidan det no er ribbesesong, var det ikkje vanskeleg å tenkje ut
emne for denne teksten. Eg har registrert at sauebonden ikkje er den som får
mest spalteplass i media. Det vil eg gjere noko med, og vil difor skrive litt
om korleis det er å vere sauebonde på eit til dels svært lågt nivå.

På saueleiting
Då eg var ein sunnare ungdom enn eg er i dag, var eg så
heldig å få vere med på saueleiting. Både mardalsbøndene og fitjebøndene fekk
gleda av å instruere ein lettare forvirra leigekar frå Lasse. Sidan saueleitinga
ofte starta på ein torsdag, måtte eg ta fri frå skulen. Både Gloppen
ungdomsskule og Firda vidaregåande skule tykte at dette var eit fråvær som var
matnyttig for eleven, og gav meg fri. I dag livnærer eg meg og ein liten
saueflokk med å arbeide som lærar på dagtid. Difor har eg no sett på
saueleitinga ut frå eit meir skulefagleg syn, og kan seie eg deler oppfatninga
til lærarane mine.
Under saueleitinga var eg fysisk aktiv. Eg fekk òg utvida
det norske språket mitt, då saueleitarkollegar ropte fargerike gloser i
walkie-talkien til kvarandre. Dette hende som regel når sauene var usamde i vegvalet, og sprang opp att
på steinhylla der dei kom i frå. Etter lange dagar i fjellet, var det godt å
kome ned til selet. Her vart det servert herleg middagsmat. Eg hugsar at det
til og med var med eigne kokekarar på nokre av leitingane. Ein dag eg kom inn i
selet, fortalde eg at var så veldig tørst. Ein omtenksam saueleitar gav meg eit
glas, som eg trudde inneheldt god og frisk bringebærsaft. I så fall var det den
sterkaste bringebærsafta eg hadde smakt til den tid. Sidan eg var så tørst, var
eg allereie før seg sette glaset til munnen, bestemt på å sluke innhaldet i ein
einaste stor slurk. Eg greidde difor ikkje stoppe då eg kjende at det ikkje var
vanleg saft i glaset. Den gåvmilde saueleitaren tenkte vel sitt, og ville ikkje
by meir vin til ein slik stordrikkar. Kva skulefag denne episoden kjem under,
er eg litt usikker på. Uansett vart matematikkunnskapane sett på prøve då ein
heile tida skulle telje sauer. Saueleitingane er nokre av dei mange gode minna
frå oppveksten i Bukta. Det var eit fellesskap, der både eldre og dei mindre
erfarne saueleitarane samarbeidde, og hadde svært triveleg saman. Eg kan difor seie
at saueleitinga var eit godt tverrfagleg prosjekt som var med på å utvikle meg
til den eg er i dag.

Draumen om eigen
flokk
Sjølv om eg kunne ha mareritt om sauer som sprang til alle
kantar, og ikkje ville gå der eg ville, opplevde eg sauer som nokre fantastiske
dyr. Lyden og synet av mange hundretals sauer samla i inngjerdingane på
mardalsstøylen og i Langedalen, var mektig. Eg tenkte at ein dag ville kanskje
eg vere eigar av ein slik flott saueflokk. Og i 2010 vart draumen verkeleg. I
dag kan eg gå ut på altanen, og nyte synet av min eigen flokk på øya Barmen.
Nokre kloke menneske har sagt at det ikkje er storleiken det kjem ann på.
Saueflokken min tel seks sauer av rasen Norsk gammal spælsau, ein vêr på lån og
ein minivêr som ingen andre ville ha.
Å vere sauebonde er eit fint liv. Eg er ikkje sikker på om
eg har lov til å kalle meg sauebonde, og håpar at eg ikkje fornærmar nokon med
å ta meg ein slik tittel. Uansett kan sauehaldet by på nokre utfordringar for
ein mindre erfaren sauebonde. Mattilsynet
godkjente til slutt kona mi og meg som eigna saueeigarar. Eg registrerer
her at om ein er skikka til å eige sauer, er ein av det offentlege sett på som
skikka til det meste. Altså ei stor tillitserklæring som eg skal bruke for alt
det er verdt. Den store dagen for kjøpet av sauer gjekk bortimot smertefritt.
Sauene gjekk noko motvillig inn i bilen, og handelen vart markert med Mozell i
stetta glas. Eg var no eigar av seks trivlege sauer og ein minivêr som eg fekk
på kjøpet. Det vart av seljaren fortalt at minivêren var ein krabat som var
flink til å bryte seg ut av alle slags gjerde, og gjekk under tilnamnet ”Tylen”
og ”Nullet”. Dette vesle vêrlammet skulle eg få heilt gratis opp på handelen. Om
eg ikkje tok i mot han, ville han bli slakta omgåande. Eg kjende meg som ein
svært dumsnill sauebonde då eg pakka han fint inn i bilen. ”Tylen” vart fort
døypt om til ”Tussi” av døtrene mine, og har oppført seg svært fint sidan han
høyrde kva alternativet var. Eg kan difor glede alle Buktabladet sine lesarar med
at ”Tussi” ikkje blir å finne på middagsbordet, ikkje denne jula i alle fall.
Den vesle trivelege saueflokken ser ut til å trivast i bakkane over Fjellvatnet på
Barmen. Garden ligg i grenda som vert kalla Fjellet, i bratt terreng om lag
hundre meter over havet. Det ligg tre andre bruk i grenda, men det er berre vår
gard som no driv jorda. Den vesle saueflokken har difor eit luksusproblem, der
dei har ganske mykje beite dei skal arbeide på. Eit av tipsa eg har fått frå
meir erfarne sauebønder, er å gjerde inne fleire mindre beite slik at sauene
beitar godt ned. Eit hjelpemiddel til dette er elektrisk netting. Det kan her
vere greitt å teste om
straumen kjem fram i enden av inngjerdinga. Til dette anbefalar eg å bruke
svigerforeldre. Det har i alle fall fungert svært bra her på bruket.

Sauer på rømmen
Eg må som sagt arbeide som lærar for å halde saueflokken med
kraftfôr, gjerde, saltstein og anna dei måtte trenge. Ein dag fekk eg ein
alarmerande telefon frå svigermor som fortalde at heile saueflokken hadde
stukke av frå inngjerdinga. Eg hadde nettopp hatt eit lengre innlegg på jobb,
der eg la ut om det solide gjerdearbeidet som var utført på garden, og at mine
sauer aldri braut seg ut. Denne meldinga frå svigermor passa difor svært
dårleg.
Vi bur som sagt på øya Barmen. Øya er nesten ni
kvadratkilometer, og det aller meste av dette er lynghei, skog og fjell. Det
ville seie at eg no måtte ta i bruk kunnskapane mine frå karrieren som
saueleitar i gloppefjella. Sauene mine er veldig glade i kraftfôret Favør 80,
og kjem springande når eg slår på ei metallbøtte som inneheld dette kraftfôret.
Eg fylte metallbøtta, og fann meg ein pinne til å slå med. Så starta det som
mange kanskje vil karakterisere som ganske så alternativ saueleiting. Eg
saumfor fjella ovanfor garden medan eg ropte, lokka og slo på metallbøtta.
Fjellvatnet, som ligg nedanfor garden, er eit svært populært
fiskevatn. Og nettopp denne dagen var det fullt av ivrige sportsfiskarar som
ville nyte fiskelukka og stilla rundt vatnet. Men det vart ikkje mykje stilt den
ettermiddagen. Den engstelege sauebonden som gjekk opp i dalsida byrja å bli
redd for at sauene hadde sprunge seg utfor eit av stupa. Redsla gjorde at ropa,
lokkinga og slaga mot metallbøtta auka i intensitet. Og sportsfiskarane tenkte
vel at det no hadde det klikka for endå ein barmar. Dette fekk eg stadfesta då
eg seinare snakka med ein kjenning som hadde fiska i Fjellvatnet den aktuelle
dagen. ”Den dagen fekk eg bekrefta alle fordommane eg hadde mot dei innfødde på
Barmen,” sa han. Eg kunne då trøyste alle dei innfødde og dei med fordommar,
med at eg berre er ein innflyttar frå Bukta. Saueleitinga enda godt. Svigermor
fann sauene nede på eit gammalt beite, og eg veit no at det kan vere lurt å
leite nærast husa før ein spring heilt i høgfjellet.

“Veslevêren”
Erfarne sauebønder har tipsa meg om følgjande: Om ein
ynskjer å slå seg opp med ein større flokk, kan det vere lurt å ha ein vêr i
flokken. Eg inngjekk avtale med annan sauebonde på øya. Han fortalde at den
aktuelle vêren er onkel til sauene mine, men sidan vi er på øy er vi ikkje så
nøye på akkurat dette. Som på mange andre isolerte stader her i landet, er
stort sett alle innbyggjarane i slekt. Dette ser ut til å ha fungert greitt, og
då går det sikkert bra med sauene òg. I alle fall fekk eg tilbod om å låne ein
vêr over vinteren. Betalinga skulle berre vere at eg vinterfora vêren. Altså ei
god avtale. Vêrar hadde eg lite erfaring med, og var litt usikker på korleis eg
skulle handtere dette dyret for å få det heim. Eg tenkte at det kunne vere lurt
å ha med seg litt ekstra mannskap når
eg skulle hente vêren. Tidleg i hjortejakta hadde eg tilfeldigvis eit
jaktlag på besøk. Vêrfanging kunne kanskje vere ein god alternativ aktivitet
for desse hjortejegerane mellom slaga i hjorteskogen. Eg kjende meg trygg på at
dette skulle gå bra, no som eg hadde eit heilt jaktlag i ryggen. Eg venta spent
på telefon frå vêreigaren heile helga. Men meldinga frå bonden var at ein måtte
utsetje hentinga. Helga var over, og eg vinka farvel til jaktlaget som vart
snytt for ei spanande oppleving.
Rett etter avskilsseremonien med jaktlaget ringde sjølvsagt vêreigaren,
og sa at no var det på tide å hente vêren. I bilen nedover gjekk mange tankar
gjennom hovudet mitt. Eg såg føre meg alle dei verste scenario som tenkjast
kan. Ein svært uerfaren sauebonde skulle no fange eit stort beist av ein vêr.
Vêreigaren (70) møtte meg i innkøyrsla. Eg fortalde at eg ikkje var så høg i
hatten, men roa meg noko, då eg fekk vite at det var ”veslevêren” eg skulle få
låne. Eg såg då føre meg ”minivêren” heime, og tenkte at ein så liten krabat
neppe kunne greie å gjere ”sakene”. Han ville ikkje rekke opp. Eg såg føre meg
mange timar arbeid, der eg måtte løfte den vesle vêren opp på søyene. Overraskinga
var stor då eg fekk auge på ”veslevêren”. Etter berre eit lite glimt av
“veslevêren” vart alle fordommane mine gjort til skamme. Denne vêren ville
definitivt greie å hoppe opp på ein sau, og vel så det. ”veslevêren” var
akkurat like stor som ”storevêren”.
Alt gjekk heldigvis så fort at eg ikkje rakk å gru meg
igjen. Den 70 år gamle sauebonden hoppa brått inn i sauebingen for å fange ”Veslevêren”.
Det utvikla seg fort til ein svært livleg runddans, som leikarringen i Gloppen
berre kan misunne. 70-åringen klorte seg fast opp på vêren. Brått gjekk vêren frå
å vere ein fredeleg drøvtyggar til å bli eit sprelsk villdyr. Eg kunne ikkje
berre stå å sjå på at vêren mishandla den eldre herren, og kasta meg inn i
dansen så godt eg kunne. Vêren overbeviste alle at han fint kunne greie å danse
med to mannfolk opp på seg. Etter at vi hadde fått stadfesta at dei store horna
til vêren fungerte, greidde vi til slutt å få tau på han. ”Veslevêren” roa seg,
og gjekk greitt inn i varebilen. Han oppførte seg eksemplarisk på bilturen
oppover bakkane. ”Veslevêren” fann seg fort til rette i den nye flokken. Og
berre nokre timar etter den spenstige dansen, kunne vêren ete mjøl ut av handa
mi. Ein triveleg kar som eg no har blitt svært så glad i.
Paringstid og
svigermor
Det kan vere lurt å ha eit godt forhold til svigerforeldra.
Det har eg, spesielt i paringstida. Eg vil her minne lesaren om at denne
teksten handlar om sauehald. Svigerforeldra mine bur strategisk til rett
ovanfor sauebeitet, og kan med det følgje nøye med på ulike aktivitetar i
saueflokken. Sauene mine er utegangarsauer, som likar seg best utandørs uansett
vêr. Dei har tilbod om å gå inn i fjøsen, men der er dei berre når dei får mat.
Sjølv om hauststormen slår inn frå storhavet, skal sauene absolutt stå ute og
bli gjennomblaute.
Sauene mine er nokre skikklege friluftselskarar, og formeiringsarbeidet
i saueflokken vert stort sett gjennomført ute i det fri. Og det er her
svigerforeldra mine kjem inn. Som ivrige og dyktige observatørar. I starten
utspann kommunikasjonen mellom meg og svigermor seg mest i språklege omvegar.
Men det vart fort eit meir direkte språk over telefonen mellom meg på
lærarjobben og observatøren ovanfor sauebeitet. På skulen der eg arbeider, sit
vi eit kontorfellesskap, og det er difor vanskeleg å unngå at andre høyrer kva
ein snakkar om i telefonen. Lærarkollegane sperra difor opp auga då eg ein dag
stilte følgjande spørsmål til svigermor: ”Har det vore noko paring i dag,
svigermor?” Eg har ikkje utdjupa
dette til kollegane mine i ettertid, men dei tenkjer vel sitt. I følgje
svigermor blir det altså lam til våren, og det skal bli
kjekt.
|