(Foto: Håvar Fagerli)

Om Fjellaren

Butikk

E-post

Håvar Fagerli, 6715 Barmen. Org.nr: 987 921 757

 

 

Album frå Barmen

Butikk

Kven er Fjellaren?

Tur til Skjolden 06.06.2010

Frå altanen

Hjort og hjortejakt

 

Fjell og vannvidd er eit magasin av og om Fjellaren. Medan andre skriv blogg, lagar Fjellaren eit magasin om seg sjølv. Det er berre å orsake at Fjellaren har kasta seg på den store sjølvprofileringsbølgja.

Vi kan ikkje seie anna enn lukke til og god betring.

Klikk på sidene for å lese meir.

 

 

 

 
 

Fjellaren på Sverdeggja

 

 

Sander frå Røyset spelte ei sentral rolle i starten av spelet.....

 

 

 

då han stal pengepungen til Flåse. Han fekk då god hjelp av karen bak med fjøl på skuldra (spelt av Ståle Brattbo (røysetar og far til Sander). Ein artig start på Dragseidspelet "På Sverdeggja".

 

 

 

Roger Hilleren, ein av dei profesjonelle skodespelarane på spelet, påpeika på ei av øvingane at dei andre skodespelarane måtte legge seg i hardtrening om dei skulle greie å halde følgje med Sander.

 
 

Full fart før ein såg at kongen var på veg.

 

 
 

Flåse Storkjeft (Fredrik Borgund), Øyvind Syrtonn (Helge Borgund) og Atle frå Stårheim (Kjell Fure) ventar på kong Olav Tryggvason (Paul Jacob Helgesen)

 

 
 

Flotte kulissar og mange lokale skodespelarar på Dragseidet.

 

 
 

Kongen opnar tingsetet.

 

 
 

Dåpen har endra seg noko dei siste åra.

 

 
 

God utsikt frå amfiet.

 

 
 

Ragnvald frå Ervik (Roger Hilleren) er fanga av kongen.

 

 
 

Gunnar Raud (Mikkel Gaup), her med stuntmann, kjem på hest.

 

 
 

Ampert.

 

 
 

Realistiske kampscener takka vere Jeff Pedersen. Jeff Pedersen vart presentert som scenekantinspektør, men den rette tittelen skal vere scenekampinstruktør.

 

 
 

Selje kommune kan no skryte av at dei har ei scene der ein sparkar høge spark.

 

 
 

Det vart vel tøff kost for nokre av dei tilreisande prestane.

 

 
 

Bygdefolket heldt stand.

 

 
 

Sigrid (Idunn Losnegård) prøvar har gått over til Kvitekrist.

 

 
 

Tingmennenne er på veg til å la seg overtale til kristendommen.

 

 
 

Flott duett av Astrid (Maria Haaland) og Gunnar Raud (Mikkel Gaup).

 

 
 

Ragnvald Raud (Mikkel Gaup) hadde nokre samiske trolltriks på lur.

 

 
 

Til slutt let folket seg døype.

 

 
 

Det enda godt, og Ragnvald frå Ervik fekk leve vidare til neste oppsetting av spelet.

 

 
 

Velfortent applaus.

 

 
 

Forfattar og instruktør, Rolf Losnegård, takka Margit Fløde i Stadlandet ungdomslag for ein framifrå innsats som ansvarleg for dei ti oppsettingane av Dragseidspelet.

 

 
 

Friluftsmesse med mykje frisk luft, men lite folk.

 

 
 

Nokre nytta høvet til å spele inn ein dokumanetar.

 

 
 

Per Kenneth Hovdevik glei lett inn i rolla som Harald Sunnmørsherse.

 

 
 

- Nå skal jeg hjem og ta skjegget, seier Ståle Brattbo.

 

Les meir om Sverdeggja her.